Trøblete start.

Lett, mild bris omtrent rett frå første merket ved Vattøya borga for ein fin kryss etter start. Det trasige var at startlinja gjekk nesten parallelt vinden - og kursen mot merket..

Dermed ville jo alle helst starte oppe ved bøya, og då med babord halsar. Fleire båtar kom i nærkontakt, noko som resulterte i protest frå Ready Lady mot Excalibur og Draumen II.  Etter dette var det ingen dramatikk, men vindforholda var ikkje enkle utover kvelden. Den lette nordvestlege brisen dreia stadig meir VSV, og ved runding Byholmane stilna han heilt for så å kome igjen frå syd. Svak, men nok til at alle kom seg greitt tilbake til bøya ved Vattøya. Derifrå til mål skjedde det mykje: Alda III, Hypocampe, Maija og Runa Regine satsa på aukande bris frå land og gjekk delvis aust for og mellom Byholmane.  I sundet mellom Hatløya og Byholmane stod ein fin SV bris, og dermed var "løpet køyrt" for resten av feltet som hadde satsa vest for Byholmane.  Resultatlista ligg på vanleg plass.  Referat frå møtet i protestkomiteen ligg i dokumentarkivet under Regatta. 

Følg oss på Facebook!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift