IOR 23. august

Når vinden dreiar 120 grader.

Kvelden starta med ein fin nordleg bris, og med fare for spakning valde regattasjefen den kortare bane 1.  Spakna gjorde han også, akkurat i starten, men tok seg fort oppatt for dei båtane som kom seg først over den altfor korte linja. Etter kvart vart det ein fin kryss opp mot Kyrkjefluda, og nok ein gong lønte det seg litt å halde seg nær Gåsneset.  Nordabrisen stod heile strekket ned mot Byholmane, men spakna meir og meir.  Dei fleste ville runde med Byholmane SB, og Runa Regine som første båt møtte ein svak sydvest rett før runding av dei vestlege Byholmane.  Denne tok seg etter kvart opp, og det vart ei flott avslutning mot mål for alle. På bildet ser vi runding av Byholmkråkene på kvar sin måte.. (Resultatliste på vanleg plass.)

Følg oss på Facebook!

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift