Mykje som skjer i Ulstein seilforening framover

Grunnkurs segling for jenter og damer. Mannskap på regatta onsdagar. Rundeseglas med påfølgande korgfest. Teorikurs.

  1. Om nok interesse vert det gratis grunnkurs segling for jenter/damer: USF tilbyr årets intensivkurs (3 torsdagskvelder) 24. mai, 31. mai og 7. juni kl. 1800-2100 i Ulsteinvik Marina. Startar med basis jolletrening og grunnforståing i segling. Storbåtar med skipperstøtte stiller til disposisjon. Påmelding: Håvard Stave (mob 906 15 698). Ring for info.
  2. Vil du vere med på regatta i storbåt? Sjå på Facebook under Mannskapsbørs. Denne finn du under Ulstein Seilforening.
  3. 26. mai arrangerer seilforeninga Rundeseilasen. Oppmøte på Vikholmen ved Ulstein Småbåthavns gjestebrygge. Etter Rundeseglasen, frå kl 19:00, vert det korgfest for mannskap, venner og medlemmer av USF på Vikholmen. Premieseremoni. Alle tek med med litt mat og drikke, omlag like mykje som ein sjølv har tenkt å ete/nyte :) Arrangøren ordnar med grill utandørs.
  4. 10 juni vert det teorikurs på Vikholmen (i forkant av segling på pølsebanene under IOR og dei lokale seilsportsliga stemna). Her vil vi gå gjennom alt fra startposisjonering, runding, reglar og andre tips og triks. Håper på mange deltakarar!




Følg oss på Facebook!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift