Harde tak!

Forholda onsdag 12. september kan kanskje illustrerast med å sitere Chris på Ready Lady:

I dag var det litt for friskt for vår 2,5hk så vi kom litt seint til start, men vi ga oss ikkje der! Vi fortsatte i sakte framfart også etter start! Men sidelengs gjekk det veldig fort til tider.. For å ta ned farta litt til så reiv kastevindane ved Herøybrua ut alle krokane i lillefokka og då måtte vi opp med STORMFOKKA sjølv om det ikkje var storm. Ja, den kunne visst brukast i frisk bris også. 

Og det var ikkje berre frisk bris.  Leiv Oscar på Barbarella:  Etter at vindmålaren min passerte 16,8 m/s i ei byge slutta den å fungere og nåla på instrumentet viste 90 grader feil resten av seilasen. Men kjekt va det!

Innspurten mot mål var spennande mellom søsterskipa Sigvaldson og Randafloga.  Randafloga var klart først på siste kryssmerket, men Sigvaldson tok inn forspranget på slørane og var eitt sekund før i mål.  Har skipperane kommentar til dette?

Følg oss på Facebook!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift