IOR onsdag 26. september vart noko for seg sjølv.

6 båtar til start, 4 braut, 2 av dei gjekk på grunn og kun éin fullførte løpet!

Regattaen vart flytta frå den vanlege bana ved Pålsfluda og inn til Ulsteinvik på grunn av vérvarselet som melde 18 m/s frå V/SV.
Mange valgte å la båten ligge ved kai, men Drambuoy, Barbarella, Randafloga, Excalibur, Karisma 2 og Saga var tøff nok til å delta -det skulle vise seg å gå over styr for dei fleste.

Første runde gjekk forholdsvis bra. Excalibur broacha gong etter gong ved toppmerket før dei klarte å falle av -framleis med solid ledelse på dei andre båtane. Ingen materielle skadar på dette legget.  

Etter runding av gaten inne ved sentrum fekk dei aller fleste problem då det fauk opp i eit enormt vér med vind opp i 22m/s.
Drambuoy gjekk på grunn ved Sneiingen og braut.
Saga gjekk på grunn og fekk skade på roret + spjæra fokka og braut.
Karisma 2 holdt på å gå på grunn ved Sneiingen, men fekk starta motoren og kom seg klar.
Excalibur valgte å bryte medan leiken var god.  
Randafloga fullførte løpet, men hadde runda feil veg på gaten og måtte difor trekkje seg frå regattaen.

Dermed står vi igjen med Barbarella som fullførte løpet og vart soleklar vinnar av dagens regatta.
Gratulerer!

-Tidtakar Christoffer Overvåg  og Chris Remøy-

Følg oss på Facebook!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift