Aldri så liten kontrast til sist onsdag.

Fin vind frå NV frå start til etter runding bøya ved Ryssholmen,

men så spakna han.  Grøyven og Anna, som låg godt framom resten av feltet, hadde litt trykk til dei hadde passert sundet mellom Hatløya og Byholmane,  Men der vart det stopp.  Dei låg lenge og dreiv, og Anna Serine prøvde forgjeves ein lett spinnaker.  Etter kvart kom det ny "vind", ein svak bris frå SV, og Grøyven strekte ut distansen til Anna Serine og gjekk først i mål.  Sannsynlegvis gjorde dei rett i å site stille i båten, krenge til le og halde på den smule fart det gjekk an å få.  Etter kvart kom Maija, som hadde ein forferdeleg sein star,t over mål som nr. 3 - og Grid for motor.  Dei hadde stoppa heilt opp nord for Hatløya.  Dei tre neste - Draumen II, Drambuoy og Barbarella - kom lurande ut Kalvøysundet på den spaknande, nye sydvesten, men det var nok til at dei henviste Olivia til sisteplassen.  Olivia gjekk "normalruta" nord om Hatløya, og vart grusomt straffa i vindstilla.

Følg oss på Facebook!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift