I to timar før start var det veldig usikkert kva bane vi skulle velje, men etter å ha sjekka alle vindmålarane til Stratus paragliderklubb pluss vegvesenet sin på Herøybrua, enda vi med bane 3 frå Pålsflu mot Fånota. Ein time før start var der flott SV bris, og alt såg såre vel ut. Men så vart det blankt hav, og vi måtte utsette starten med 25 min. Då kom det eit lite drag frå SV som auka litt etter kvart, og det vart ein flott kryss mot Kverna. Litt varierande både styrke og retning etter kvart, men vi slapp å korte av. Maija og Anna Serine la seg tidleg klart fremst, og dei kom sigande nesten samtidig i mål i veldig svak vind. Anna Serine passerte Maija på slutten. Deretter auka vinden igjen, og dei neste båtane gjekk i mål med god fart. Vedlagt resultatliste.