Resultat Island Offshore seilas H8

Resultat Island Offshore seilas H8
I dag var det fare for at det skulle bli ei våt affære, men heldigvis vart det opplett og ein sjelden gjest - SOLA - viste seg også fram.
Det var seilt bane 4. I starten var det vestavind som etterkvart døde ut og gikk over i sørlig vind, før runding Fånota.
Her vart mange liggande lenge før ein fekk fart på skuta igjen, det blir full bakk når vinden kjem frå baugen, og flygende forseil er oppe... 8 båtar stilte til start - to fekk DNF.
Seilasen vart avkorta etter ei runde. Etter vinddreiinga så var det ganske stabil og grei vind på siste legget.



Det var svært tett mellom 1. og 2. plass i dag. Putte drog seieren i land, tett fulgt av Drambouy på plassen bak. Olivia tok 3. plassen. Vi gratulerer alle!



Husk avslutnning haustserien på laurdag!! 3 kjappe seilasar. Første start kl 11. Vi treng tidtager til laurdag. Om det er ein båt som ikkje kan stille, men vil ta tid - SÅ BETYR DET AT EIN SLEPP Å VERE TIDTAGER GJENNOM HEILE NESTE SESONG. Kontakt Frode om nokon føler at dei kan bidra her.

(Bildet er frå forrige seilas)

Følg oss på Facebook!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift